Testwiki:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 7, 2024

Fra testwiki
Version fra 23. jan. 2024, 08:56 af imported>Ranveig imported>Ranveig (Ny side: {{framside bilete|Stefan-Boltzmann Law.png|Illustrasjon av Stefan-Boltzmann-lova|:nn:Stefan-Boltzmann-lova}} '''Stefan–Boltzmann-lova''' seier at den totale energien som vert strålt ut frå ein svartlekam per areal, ''j''<sup>*</sup>, er direkte proporsjonal til fjerdepotensen av den termodynamiske temperaturen ''T'' (òg kalla ''absolutt temperatur'') til svartlekamen. Eit meir generelt tilfelle e...)
(forskel) ← Ældre version | Nuværende version (forskel) | Nyere version → (forskel)
Spring til navigation Spring til søgning

Skabelon:Framside bilete Stefan–Boltzmann-lova seier at den totale energien som vert strålt ut frå ein svartlekam per areal, j*, er direkte proporsjonal til fjerdepotensen av den termodynamiske temperaturen T (òg kalla absolutt temperatur) til svartlekamen. Eit meir generelt tilfelle er ein grå lekam, ein som ikkje fullstendig absorberer eller emitterer heile strålingsfluksen. I staden for vert det stråla ut delar av fluksen, styrt av emissiviteten, ε.

Lova vart utleia av Josef Stefan i 1877 basert på målingar gjort av John Tyndall. Dei teoretiske omsyna vart ved hjelp av termodynamikken utleidd av Ludwig Boltzmann i 1884, med utgangspunkt i arbeidet til Adolfo Bartoli. Boltzmann såg på ein viss ideell varmemaskin med lys som materie i staden for gass. Lova gjeld berre for ideelle svartlekamar, som er perfekte strålingslekamar. Les meir …